Papirmølla

Synest du byråkratiet er vanskeleg å navigere i? Har du planar, men veit ikkje kvar du skal starte?

Etter kvart som regelverk har vorte meir komplisert, og krav om dokumentasjon er strengare, krevst det kompetanse for å navigere rett i byråkratiet. Dei fleste byggjer eller rehabiliterar nokre få gonger i livet. Mange vil difor ikkje bruke tid på å orienter seg i systemet, men ha nokon som kan følgje prosessen frå A til Å.

 

Hytte med påbygg
Losen veit kor ein finn rett skjema

Hallinglos kan tilby tenester innafor alle fagområde som tradisjonelt har vorte kalla teknisk sektor. Der planleggjarar, arkitektar og advokatar har spesialisert seg, kan Hallinglos være litt av alt:

  • ha kontakt med kommunen
  • gje råd
  • skrive søknader
  • lage planer
  • fylle ut skjema
  • hente informasjon
  • samordne søknader

Rett og slett – vera koplingsboksen.