Losen

Hallinglos er ein stad å starte, der kommunen sin teneste stoppar. Det er ofte spørsmål som kommunetilsette ikkje kan utføre, og spørsmåla er gjerne samansette, eller dei passa ikkje inn i dei tradisjonelle rådgjevings- og konsulenttenester som er etablert. Grunntanken bak Hallinglos er å lose deg gjennom systemet.

Nokon gonger kan ein ide vere så ny at det er for tidleg å starte ei drøfting med kommunen. Hallinglos kan vere staden å drøfte «ville» idear og nye prosjekt..

 

Hallinglosen - Ragnhild Halbjørhus
Gammal delestein som markerte grensa

Hallinglos kan litt om alt av det som gjeld:

  • byggesøknader
  • reguleringsplaner
  • kart og oppmåling
  • eigarskifte
  • eigedom og eigedomsgrenser
  • saksgang i kommunar
  • privat vatn og avløp

Og om ikkje Hallinglos kan, kan Hallinglos lose deg vidare!

Hallinglos ivaretar dine interesser ved oppmålingsforretning. Er du i tvil om gamle grenser kan me rekonstruere grenser i marka, dersom du ynskjer det, før du tek kontakt med kommunen.